laurdag 21. juli 2007

Ehm ja...


Jess, då hadde eg nåkke på hjarta igjen=)

Det har seg nemleg slik at eg har bestemt meg for å endre på nåkke i livet mitt, oi det hørtes drastisk ut....ein dramatisk endring er det kanskje ikkje men det kjem til å bli litt utfordranes for meg.

Eg veit korleis eg ser på meg sjølv, eg veit sånn nokon lunde korleis vennanne mine ser på meg og det har seg nemleg slik at dei fleste eg kjenner blir litt overaska når dei ser korleis eg kjører. Eit ellers så ganske snillt og hardt opparbeida snilljenteimage får eit par sprekker når folk sit på med meg eller kjører bak meg.

Og dette e ikkje skryt berre sånn at det er sagt, eg synes faktisk at dette er veldig dumt.

For det er ikkje det at eg ikkje er flink å kjøre, for det tørr eg påstå at eg er...eg heldt alltid sio mi, kjører berre forbi på trygge strekninger osv, heldt vikeplikten og gode greier...MEN eg kjører fort...ikkje rånefort, men fort nok! og ikkje berre det, eg kjører agresivt og...om nåkken tar ein sjapp ein og kjører ut like framfor meg når dei har vikeplikt gjer eg på og legger meg opp i ræven på dei.

Eg er og av den meining at syklister, scootere og mopeder, campingvogna og bubila, enkelte lastebila, kjører 10 og 20 km underfartsgrensenbila, bila med tilhenger og lærekjørebila med hysterisk mamma eller pappa ved siden av kunne hatt sin heilt egen veg...dette hadde jo vert kjempe...då kunne jo dei tatt det heilt i sitt tempo og kost seg medan verda utanfor kunne komt tidsnok til jobbane sine utan å stå opp altfor tidleg... dersom dette i tilleg til betrakteleg høgare lønn til følgande yrker:


Hudpleiere

Deltids ansatte i butikk

Pleieassistenter på helseheimar


og at Kristendomsfaget hadde fått ein større plass i skulen i dag, hadde dette vert dei prioriterte sakene til eit parti her i landet skulle eg jammen ha krøpe ut av sofaen som da heite og stemt.


MEN, det var dette med den agresive kjøringa mi.

I dag slo det meg, korleis i all verden viser eg dei Jesus med å drive på slik?

Eg har vegra meg for å feste ein fisk bakpå bilen min nettopp fordi eg veit korleis eg kjører og synes at det blir litt feil i forhold til ka fisken står for.

Mafiakors i speilet har det heller ikkje blitt nåkke av, men det e mest fordi at eg synes at alt som heng i speilet på ein bil blir harry.

Når eg blir dritsur på bila som ikkje holder vikeplikten og legger meg tett opp bak dei ( eg blinkar ikkje med langlysa altså berre så vi er klar på det) i staden for å bremse ned og gi dei plass som ville være det riktige å gjøre. Kvifor er det sånn at eg klarer å tulle det vekk når eg blir sint eller lei meg utanfor bilen, at det Jesus seier om å elske mennesker slik han har elska oss ikkje er så frykteleg vanskeleg i det verkelege liv medan med ein gang eg sett meg inn i bilen vert det kjefting på treige bila og truing av syklister( ta an med døren!)


Dette skal endrast og eg vil berre oppfordre alle som sitt på med meg og minne meg på dette når eg kjører over fartsgrensa, kjem med ein kjipkommentar om bilen framfor eller ber deg ta syklisten ved sida av med døra.

Ein liten utfrodring til meg altså, men satse på at da ska gå greit. E uansett ikkje så lenge, for i august reise eg som kjent te Drammen og då skal ikkje min peneBaleno bli med..

Blir enten solgt eller lagra oppe hos Onkel Kåre i låven hannes.


Jess, ellers e det stenge vakt på Hydro i kveld og styr og vesen på Sotra seinare.

Blir bra

6 kommentarer:

M. Ail sa...

Dette hørtes drastisk ut! Men (ikkje for å være stygg) kanskje det trengs.. Av og til må vi ta oss sjøl av banen og se kordan ting egentlig står til!

Pusur88 sa...
Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
Pusur88 sa...

Oisann, der sa du noe. Både Helge og Ida igrunn. Håper ikkje eg har tråkke på deg. Var bare at jeg ikke helt var forbereft igrunn og alldeles, absolutt ikke kjent, og ikke hadde hatt lappen mer en litt under måned. Kan kanskje trøste deg med jeg har visse tilsvarende uvaner i trafikken jeg og. Mulig eg burde tatt samme utfordring....

Kristine sa...

Ehmja... Eg føler meg truffet... Har du virkelig så mykje imot scootere og lærekjøyrebila? i så fall...AUU! =) eg veit du e gla i meg, og eg e veldi gla i deg og ida men, sånne sjåføra som du e veldig irriterande både når ein kjøyre scooter og lærekjøyrebil... Men eg håper og trur at eg ikkje e av dei verste scootrarar og lærekjøyrarar=)
eg ska let ju know når du går for langt eg ida! eg sei so pappen: "KA e fartsgrenso her...? eg syns du e litt hard på gassen" gudd løkk!!

-Ida- sa...

Helge: det e e veldig sant, skal prøve på det
Preben: når eg tenker meg om føler eg meg ikkje særlig tråkka på;)og du e jo den flinke på å kjøre
Kristine: eg meinte seff de scooterene som ligg midt i veien og ikkje gir deg sjangs te å sleppe forbi. Og eg har ikkje nåkke i mot verken bila med L på eller scootera, berre om mårningen når eg har dårlig tid men det e jo min egen feil for eg søv altfor lenge. Ikkje føl deg truffet, den var ikkje retta mot deg. Påminning om fartsgrenso mottas med takk;)

Marie Bortheim sa...

Søte deg Ida! Eg er nok einig med deg på nokre få punkt, men du må ikkje gløyme at du faktisk var mitt forbilde som sjåfør når eg skulle køyre opp=) Nemlig:D